Teams-kurs i Småkraftforeninga sitt internkontrollsystem

(07/03/2023) Tilsynsstyresmaktene NVE og DSB krev at småkraftverka skal ha eit skriftleg internkontrollsystem. Småkraftforeninga har tilbod om det web-baserte systemet Kraftlosen. No tilbyr vi ein ny runde med gratis Teams-kurs i Kraftlosen. Kurset på halvannan time høver både for potensielle framtidige brukarar og for registrerte Kraftlosen-brukarar som ynskjer oppdatering og repetisjon.

Kraftlosen tilfredsstiller forskriftskrava til internkontrollsystem og er i tillegg eit kvalitetsstyringssystem som kan nyttast aktivt i drifta av kraftverket. Ein tilsvarande kurs-gjennomgang skjer også under Småkraftdagane i Bergen den 29. mars.

Ein kan velje mellom kveldskurs og dagkurs. Her er datoane for Teams-kursa i Kraftlosen:

Onsdag 15. mars kl. 20.00 – 21.30

Torsdag 16. mars kl. 09.00 – 10.30

Ynskjer du å delta på eit av kursa, eller har spørsmål om tilbodet, ta kontakt med:

Organisasjonsrådgjevar Terje Engvik, tlf. 97517111, e-post terje@smakraftforeninga.no



Småkraftforeninga
Rådhusgata 17, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog