Småkraftprisen til fem støttande bankar

(29/03/2023) Småkraftprisen 2023 blei delt ut til heile 5 bankar saman. Dei fekk prisen for å ha alltid å ha vore der for småkraftutbyggarane, både i gode og dårlege tider.

Her er heile grunngjevinga som styreleiar Lars Emil Berge hadde til utdelinga under bankettmiddagen:

Småkraftprisen 2023

 

I år har vi faktisk delt prisen mellom fleire veldig verdige vinnarar. Samla sett har desse hjelpt mange av oss i salen til å få realisert småkraftverket vårt. Ja dei har faktisk vore heilt avgjerande for at vi fekk det til. Me vil seia takk for de har vore der for oss, både i dårlege og gode år. Uansett korleis den økonomiske situasjonen har vore, har dei alltid vore der.

Dei gir oss gode råd og hjelper oss å få kontroll over økonomien i småkraftverket vårt.

Med deira hjelp har me bygd opp milliardverdiar rundt om i distrikta. Samla sett har prisvinnarane lånt ut 7,6 milliardar for at du og eg har fått realisert draumen vår om å få bygd dette småkraftverket. Den samla produksjonen av desse 305 småkraftverka er over 3TWh.

Om vi hentar tal frå SSB så vil desse småkraftverka som er finansiert av prisvinnarane produsera nok straum til 330 000 av oss. I dag er dei med og finansierer over halvparten av dei som er under bygging. Samla sett har dei hatt minimale tap på sine lån til oss.

Dei første småkraftverka blei finansiert midt på 1990 talet til rundt 1 kr/kWh, men då var kraftprisen 10-15 øre.

I samband med det grøne skifte er det mange i bankane som «plutseleg»  har oppdaga, at småkraft er ein viktig del av både det grøne skifte og som energiforsyning. Dei fleste har sett på havvind, hydrogen osv, og som får mykje plass i media. Men vi gløymer kva vi allereie har og veit verkar, nemleg småkraft

Småkraftprisen i 2023 går til 5 ulike bankar:

Desse representerer dei ulike bankane:

  • Arild Sandvoll i Sparebanken Vest
  • Thomas Fleck i Sparebank 1 SR-bank
  • Petter Sætre i Sparebanken Møre
  • Arne Gravdal i Sparebanken Sogn og Fjordane
  • Erik Trøen i Sparebank 1 Østlandet

 

Hjarteleg til lukka med ein velfortjent pris alle saman!



Småkraftforeninga
Rådhusgata 17, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog