I mai deltok spesialrådgjevar vasskraft Øystein Grundt og eg på generalforsamlinga til EREF i Praha. EREF er ein organisasjon som skal arbeide for at små produsentar av fornybar energi skal ha best mogleg rammetilhøve. Ikkje heilt ulikt Småkraftforeninga sitt føremål her heime på berget. Ein stor skilnad er likevel at EREF tek opp i seg mange ulike fornybarkjelder, slik som vasskraft frå mindre kraftverk < 10 MW, solenergi, småskala vind og bio.
Tid for photoshoot. Frå venstre: Gustaf Hellstrøm, Svensk Vattenkraftförening, Øystein Grundt, Småkraftforeninga, Dirk Hendriks, generalsekretær EREF, Lars Emil Berge, foreninga og Martin Bursik president, EREF
Sekretariatet deira ligg i Brüssel, ein god plass å vere når ein skal fylje med på alt som skjer på EU-nivå. Og der skjer det mykje for tida, noko generalforsamlinga klart synte. Frå EU si side kjem det stadig forslag til nye direktiv og forordningar saman med endringar i eksisterande direktiv. Når dei litt etter litt vert vedteke vil dei ha betydning også for oss i Noreg. Fleire kjenner vel til taksonomien som ei stund hadde i seg formuleringar som ville gitt småkrafta harde kår. Her engasjerte også EREF seg tungt saman med fleire andre, og vi slapp vi unna dei verste formuleringane slik at den no er til å leve med.
No har vi mellom anna både innføring av fornybardirektiv III og IV, endra elektrisitetsmarknadsdesign og forordning om restaurering av natur som nokre ut av mange viktige dømer på nye regelverk undervegs og som EREF engasjerer seg sterkt i. Målsettinga er sjølvsagt at tilhøva for både småkrafta og dei øvrige fornybarkjeldene vert best mogleg. Her har EREF ein heilt anna moglegheit til å påverke direkte enn det vi har i Noreg. Når direktiva fyrst er vedteke nede i Brüssel er det for seint å endre dei ved innføringa i Noreg.
EREF har eit unikt nettverk dei nyttar seg av til glede for oss. Til dømes har det undervegs i utviklinga av nytt fornybardirektiv vore fremja forslag om at ny vasskraft ikkje skal reknast som verken berekraftig eller telja med i fornybarrekneskapen, og ikkje skulle småkraft vere med i dei såkalla «go-to areas», no omdøypt til akselerasjonsområde, der utvikling av fornybar energi skal ha forrang. Slike, og liknande forslag, om å diskriminere vasskrafta, og særleg småkraft, kjem jamleg. For oss er det å ha ei vaktbikkje som EREF som fyljer med, engasjerer seg på eit tidleg tidspunkt, og argumenterer overfor EU-mynde med stor fagleg kunnskap og har eit godt nettverk, eit særs nyttig samarbeid.
I tillegg til arbeidet mot byråkratane i utviklinga av regelverk, så deltek EREF i mange program og er med på å spreie kunnskap om småkraft rundt om, slik at flest mogleg vert klar over kva for ein unik energikjelde småkraft er. Det er ikkje til å kome forbi at nedover i Europa så er det stadvis stor motstand mot vasskraft, så ikkje berre må ein slåst hardt for i det heile tatt å få løyve til å bygge nye vasskraftverk, men også for å få halde på dei som allereie er bygd.
Eg meiner at anten ein likar EU og EØS-avtalen eller ikkje, så er me tente med å vere med i ein slik kompetent organisasjon som EREF, i og med at mykje av det som vert vedteke i Brüssel før eller seinare vedkjem oss. At me da er medlem i ein organisasjon der nede som arbeider målretta for vår næring er eg overtydd om me har særleg stor nytte av.
Lars Emil Berge
Styreleiar i Småkraftforeninga