Det må bli enklare!

(28/09/2023) Å byggja eit småkraftverk krev konsesjon pga at det er omfatta av flora og fauna, samt også allmenne interesser. For å få løyve til å byggja eit slikt småkraftverk skal ulike omsyn takast. Tippar vektskåla for å byggja, blir det gitt konsesjon.

For dei aller minste anlegga (dei under 1 MW installert effekt) er det som regel ikkje naudsynt med konsesjon (unntak kan vera i verna vassdrag). Praksisen ein stort sett nyttar seg av i dag ved bygging av kraftverk under 1 MW, er at ein først ber NVE om ei konsesjonspliktvurdering. Om svaret frå NVE er at anlegget kan byggjast utan konsesjon, må tiltakshavar søkja kommunen etter Plan- og Bygningslova om lov til å byggja mini-, eller mikrokraftverk. Er det naudsynt med konsesjon er det framleis kommunen som skal behandle konsesjonssøknaden. Dette blir dobbel sakshandsaming. Det tek med andre ord uforholdsmessig lang tid. Desse sakane treng ikkje innom NVE. Det er uansett kommunen si sak.

I desse tider då alle rundt oss skrik etter meir energi, og Energikommisjonen seier at me må ha meir av alt raskare, er det etter mitt syn dumt med denne dobbelsakshandsaminga. Av denne grunn så sende me i

Lars Emil Berge vil ha fart på den offentlege sakshandsaminga av mikro- og minikraftverk. Her med ein pelton klar for ei lita elv ein stad i landet.

Småkraftforeninga inn eit forslag den 12.07.2023 til OED om at konsesjonspliktvurderinga etter vannressursloven blir delegert til kommunar for kraftverk med installert effekt <1 MW. Det er ofte veldig små bekkar og elver som blir nytta til å byggja ut anlegg under 1 MW. Mange av desse vassdraga har så lita vassføring at mange av dei går tørre, eller omtrent går tørre under lengre tørkeperiodar.

Fordelene med at kommunane sjølv vurderer konsesjonsplikt er fleire:
• Det blir raskare sakshandsaming i og med at berre kommunen skal sjå på søknaden. Dette går også rett inn i Energikommisjonen sitt forslag om at alt må bli raskare.
• Ingen kjenner lokale forhold bedre enn kommunen. Dette vil gi kommunane eit sterkare sjølvstyre.
• Kommunen vil disponera arealet innanfor eigen kommune i større grad enn om NVE skal sakshandsama desse små anlegga.

Eg arbeider sjølv med mikro- og minikraft i Hordaland Rørteknikk og opplever dagleg den auka interessa for slike anlegg. Eg opplever også frustrasjonen blant tiltakshavarane omkring desse byråkratiske prosessane ein må gjennom for å byggja ut ein liten bekk til kraftproduksjon.

No er det viktig at energikommisjonen sine råd blir gjeldande politikk. Raskare sakshandsaming gir raskare tilgjengeleg kraft til glede for alle som skal bu og leva i landet vårt!

Lars Emil Berge
Styreleiar i Småkraftforeninga



Småkraftforeninga
Rådhusgata 17, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog