DSB krev altså at småkraftvaktar som skal kunne handtere vern og brytarar må ha kursbevis i godkjent opplæring for instruert personell. Førstehjelpsopplæring med hjarte-/ lungeredning inngår som ein del av krava. Småkraftforeninga har fått aksept frå DSB for at småkraftvaktene på eit vanleg medlemskraftverk i ordinær drift kan greie seg med FSE-kurset kvart tredje år i staden for årleg som er det generelle kravet til FSE-opplæring.
Småkraftforeninga gjennomfører FSE-kurs årleg under Småkraftdagane og har ein omfattande kursrunde kring i landet kvart tredje år. Neste runde kjem hausten 2024. I tillegg har vi moglegheit for å arrangere lokale kurs innimellom så sant det er trong for det. Nye småkraftvakter som treng opplæring eller andre som ynskjer FSE-kurs kan difor melde ynskje om kurs til Småkraftforeninga.
Kontaktperson for FSE-opplæringa er:
Organisasjonsrådgjevar Terje Engvik, e-post: terje@smakraftforeninga.no, tlf. 975 17 111