Småkraftforeninga sitt web-baserte internkontrollsystem Kraftlosen gir ei god og rimeleg løysing for å halde orden på dokumentasjon om kraftverket og tilfredsstiller tilsynsstyresmaktene sine krav til skriftleg internkontrollsystem for småkraftverka.
Opplæringa i Kraftlosen har gått frå fysiske kurs til digital opplæring. Vi har framleis kurs/ nettverkssamlingar under Småkraftdagane. Men elles skjer opplæringa no enklast på Teams. Småkraftforeninga har dei to siste vinterhalvåra køyrd Teamskurs med demonstrasjon av bruken av Kraftlosen. Det ligg føre planar for tilsvarande kommande sesong. Kursa høver både for nye interesserte og for Kraftlosen-kundar som treng repetisjon eller ein gjennomgang av den nyaste og beste versjonen av internkontrollsystemet.
Nye brukarar kan også få individuell opplæring over Teams. Ta gjerne kontakt om du er interessert i ein demo-versjon av Kraftlosen eller eit Teamskurs med demonstrasjon.
Kontaktperson for Kraftlosen:
Organisasjonsrådgjevar Terje Engvik, tlf. 975 17 111, e-post terje@smakraftforeninga.no