Dagane 24: Standsalg og booking open!

(05/01/2024)

Småkraftdagane 2024 vert også i år arrangert i Bergen - frå måndag 18. til onsdag 20. mars på Quality Hotel Evard Grieg på Sandsli, 4 km frå Bergen Lufthamn Flesland.


Småkraftforeninga vil gjerne sjå dykk både som deltakarar på Småkraftmessa og som utstillar med stand. Booking av stands og deltakarpåmelding opnar i år måndag 8. januar kl. 10.00.

Stand-booking og påmelding til konferansen finner du ved å gå til Utstillerportalen eller direkte til deltakerpåmeldingen. 

Trykk på «Ny bestilling» for å opprette konto før du går vidare med stand-bestillinga. I booking-rutinen for stands får ein opp eit interaktivt kart som syner ledige stands og gir forklaring på om standen har skiljeveggar eller ikkje. Ein kan bestille stands direkte frå kartet, og kartet kan lukkast ved å trykke på x-knappen oppe til høgre.

Terje Engvik i Småkraftforeninga.

Småkraftdagane 2024 følgjer malen frå tidlegare år, men med endra opplegg fyrste dagen. Måndagen startar med registrering og messevandring frå kl. 08.00 og FSE-kurs kl. 09.30. Plenumssamlinga på hotellet startar kl. 18.00 – etter avslutta utferd til generatorverkstaden til Karsten Moholt. Det går felles buss frå hotellet kl. 12.30. Deltakarar vil komme til hotellet gjennom heile opningsdagen 18. mars. Sjå detaljert program på www.smakraftdagane.no.

Klokka 18:00 søndag 17.03 er det klart for rigging av stands for dei utstillarane som kjem til hotellet søndag. Alternativet er rigging måndag 18.3. Onsdag 20.03 må alt vere rigga ned i løpet av ettermiddagen/ kvelden.

Kvar stand måler 3×2 meter, og prisen er kr. 23.500,- + mva, inklusive utlegging av logo og annan firma-info i deltakar-appen for Småkraftdagane.

I fall Småkraftdagane må avlysast av årsaker som Småkraftforeninga ikkje har herredømme over, for eksempel pandemi, tek Småkraftforeninga atterhald om å kunne halde tilbake inntil 10% av fakturert beløp til dekking av kostnader knytte til planlegginga av arrangementet.

Spørsmål? Ring Terje Engvik på 97517111 eller send epost til terje@smakraftforeninga.no

Biletet over er frå Småkraftdagane 2024.



Småkraftforeninga
Rådhusgata 17, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog