Kommentar av Lars Emil Berge, styreleiar i Småkraftforeninga.
Dei siste to-tre åra har det vore mykje uro i kraftmarknaden. Alt starta med mindre gass frå Russland, og det eskalerte då invasjonen av Ukraina kom. Dette førte til at kraftprisane i Sør-Noreg steig til høgder me aldri før hadde sett. No har kraftprisen gått ned igjen, men er framleis høg sett i eit historisk perspektiv. I denne samanheng er det freistande for dei som skal saldera eit statsbudsjett å skriva ut nye skattar. Dette gjorde Regjeringa i 2022 med høgprisbidraget. Dette førte til bom stopp av utbygging av effektkraftverk, og er det noko me treng framover så er det effekt inn i kraftsystemet.
Det er også kome grunnrenteskatt på vindkraft med tilbakeverkande kraft.
Det har kome rapportar frå Energikommisjonen, NVE, Statnett, Statkraft, DNV og mange fleire som er veldig tydelege på at me treng mykje meir fornybar kraft i åra som kjem. Om nokre få år går me frå å ha eit overskot av kraft i eit normalår, til å ha eit underskot av kraft. Forbruksveksten stig mykje raskare enn veksten i ny produksjon.
Den 14. oktober skreiv E24 at det var fullt i nettet på Austlandet til 2035. Verksemdene rundt Oslofjorden får ikkje tilgang på ny kraft før 2035. Dette hindrar verksemdene i å setja i gong klimatiltak.
Me ser det same i Finnmark, der mangel på kraft og nett er med på å hindra næringsutvikling. Leiar av Aust-Finnmark-rådet og ordførar i Vadsø, Wenche Pedersen, seier i Fiskeribladet i august i år at kommunane i Aust-Finnmark må seia nei til større industriprosjekt.
I haust kom Invest med ein alarmerande rapport frå min region, Sunnhordland, der dei skildra at store delar av regionen ikkje vil ha tilgang på ny kraft før om fleire år.
Me les dagleg i aviser frå heile landet at det går mot kraftmangel. Me treng store mengder kraft framover, og i same takt må nettet byggjast ut.
Kraftmangelen blir ikkje mindre ved å innføra nye skattar, og at skattane blir skrudd opp, eller å innføra nye skattar og avgifter.
Framover treng me både offentleg og privat kapital for å løysa kraftkrisa. Mykje av småkrafta blir bygd ut av privat kapital, og det er rikeleg kapital tilgjengeleg om ikkje investorane blir skremde bort slik direktør i Finans Norge, Idar Kreutzer, advarte mot i høyringa til Finanskomiteen i 2022.
Me skal, og må, byggja mykje fornybar kraftproduksjon rundt om i heile landet i åra som kjem. Dette treng me om me skal utvikla industrien vår. I lys av det må dei som skal byggja ut denne krafta, som heile nasjonen er heilt avhengig av, ha føreseielege rammevilkår i år framover. Kapitalen som blir investert i denne bransjen har ein langsiktig horisont, og då må ein vera trygg på at ein ikkje får innført skattar, som gjer at kapitalen ikkje får avkastning. Mykje av kapitalen i småkraftbransjen kjem frå fond som skal dekka framtidige pensjonar til folk. Det høver bra for grunneigarar som leiger ut vassfalla sin på lang sikt med privat heimfall av verket etter 40-50-60 år.
Gje fornybarnæringa føreseielege og langsiktige trygge rammevilkår, i tillegg til konsesjonar så vil me levera mange elektronar til glede for norsk industri og private hushald i det ganske land i åra som kjem.
Bildetekst
Småkraftverket Hammeren frå 1900 er landets eldste kraftstasjon i drift. Bygger du vasskraft må du ha langsiktige, trygge rammevilkår. Foto: Erik den yngre / Wikimedia