Vil ha konsesjonshandsaminga til Førde

(07/08/2024) Bjørn Lødemel i Sogn og Fjordane Næringsråd meiner det er på tide å samle konsesjonshandsaminga for småkraft i Førde. Les kronikken hans her.

 Flytt konsesjonshandsaminga av småkraftverk til NVE sitt regionkontor i Førde.

Kronikk av Bjørn Lødemel, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd.

Sogn og Fjordane Næringsråd er svært uroa over at konsesjonshandsaminga for vasskraftverk har stoppa opp. Særleg gjeld dette for småkraftverk. Sogn og Fjordane
Næringsråd meiner at flytting av konsesjonshandsaminga av småkraftverk til NVE sitt regionkontor i Førde vil vere eit viktig bidrag for å få fart på konsesjonshandsaminga og full fart på lokal utbygging av fornybar energi. Det vil gagne utbyggjarar og energiproduksjon i heile landet dersom dette regionkontoret får eit nasjonalt ansvar.

Norge treng meir kraft både for å gjennomføre det grøne skifte og for å nå klimamålsettingane.På tross av at det har blitt gjort eit omfattande arbeid med Stortingsmelding frå Solberg-regjeringa i 2021, tilleggsmelding frå sittande regjering i 2022 og Energikommisjonen si utgreiing NOU 2023: 3 – «Mer av alt – raskere» i 2023 har ein ikkje kome lenger. Dette er svært alvorleg.

Har ikkje fått det til

Målsettingane med «Meir av alt-raskare» har ikkje lukkast. Energiminister Åsland sa dette i klartekst på Stortinget tidlegare i sommar på spørsmål om Norge klarer å nå klimamåla. «Eg trur ikkje vi klarer å auke kraftproduksjonen så mykje, vi må vere realitetsorienterte.» Dette må vere ei klar marsjordre både for politikarane og næringa til å sette seg saman for å finne løysingar som kan sikre omfattande og rask auke i produksjon av ny fornybar energi. Her kan også småkraftutbygging spele ei viktig rolle.

Småkraftbransjen er svært aktiv og sender fortløpande inn nye konsesjonssøknader. No ligg det over 70 saker på over 600 GWh i kø men hittil i år er det berre innvilga ein ny konsesjon for småkraft. Småkraft er også ein svært viktig del av den nasjonale energiforsyninga. Den står åleine for 692 av 966 GWh som er forventa
ferdig fram til utgangen av 2026. Det er langt meir enn stor vasskraft, vindkraft og sol til saman.

Fleirtal for småkraft

Småkraftutbygging er lokal verdiskaping på lokale ressursar av beste merke. Småkraftverk utan magasin er svært skånsam utbygging, og dei er stort sett konfliktfrie utbyggingar. Potensialet for ny fornybar energi frå småkraft er også svært stort. Då Stortinget handsama «Energimeldingen» i 2023 var det ein fleirtalsmerknad som viste til dette potensialet og som bad regjeringa vurdere tiltak for å få fart på konsesjonshandsaminga av småkraftverk:

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Senterpartiet, Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti, viser til at småkraft og andre mindre kraftverk er et viktig bidrag til den norske energiproduksjonen. Ved inngangen til 2022 hadde Norge rundt 1 400 mindre vannkraftverk som produserte 12 TWh. Dette utgjør om lag åtte pst. av norsk vannkraftproduksjon. Flertallet merker seg at Småkraftforeninga anslår at det er et potensial på om lag 17 TWh ny
kraftproduksjon fra småkraft frem mot 2030. Dette vil gi betydelig bidrag til kraftproduksjonen på kort sikt. Flertallet understreker at det derfor er avgjørende at vi får en effektiv og god konsesjonsbehandlingsprosess i tiden fremover.

Fleirtalsmerknaden om småkraft er framleis like viktig og relevant. På tross av stor tverrpolitisk vilje til å få fart både på konsesjonshandsaming og raskare utbygging av fornybar energi skjer det tilnærma ingen ting. Sogn og Fjordane Næringsråd meiner at å flytte all konsesjonshandsaming av småkraftverk etter
vannressurslova til NVE sitt regionkontor i Førde, og styrke dette kontoret, vil vere eit svært viktig og nødvendig tiltak for å få fart på konsesjonshandsaminga.

God distriktspolitikk

Dette vil også vere eit svært godt døme på ansvar som kan flyttast ut frå Oslo. NVE har fått tilført mange nye stillingar for å få fart på konsesjonshandsaminga siste tida, og det bør vere ei enkel oppgåve å flytte nokre av desse til Førde og gje kontoret eit nasjonalt ansvar. NVE sitt regionkontor i Førde har bygd opp ein svært god og omfattande kompetanse gjennom tidene og nyt stor fagleg tillit. Førde og Vestlandet er også i kjerneområde for småkraftutbygging og lokal kraftproduksjon og det er stor fagleg kompetanse både hos lokal leverandørindustri og rådgjeving. I tillegg har ein viktige kraftselskap som SFE, Sognekraft, Eviny og Tussa med stor fagleg kompetanse i regionen.

No hastar det meir enn nokon gong å få fart på utbygging av fornybar energi, og skal ein lukkast med dette trengst det handlekraft og vilje til nytenking. NVE sitt regionkontor i Førde vil kunne spele ei svært viktig rolle også nasjonalt for å nå målsettingane om småkrafta sitt bidrag til auka kraftproduksjon. Dette vil også vere eit viktig bidrag for at Norge skal klare å nå klimamåla ein har sett og det vil også styrke lokal og nasjonal verdiskaping.

 

Biletet over: Bjørn Lødemel sat tidlegare for Høgre på Stortinget. Han har i mange år vært opptatt av småkrafta og korleis denne næringa kan utvikle seg vidare.  



Småkraftforeninga
Rådhusgata 17, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog