Småkraftprisen til Bjarte Skår!

Tradisjonen tro ble Småkraftprisen delt ut under tirsdagens bankettmiddag på Småkraftdagane. I år gikk prisen til en nettverksbygger av rang, som har vært i rør- og vannkraftbransjen hele livet.

Vi gratulerer Bjarte Skår med småkraftprisen og legger her ved juryens begrunnelse for hvorfor prisen i 2025 ble tildelt nettopp ham.


I kveld er vi samla her for å heidra ein mann som ikkje berre har vore med sidan småkraftbransjen sine spede byrjingar, men som på mange måtar er småkraftbransjen. Ein mann som kjenner fleire folk enn folk flest veit eksisterar. Ein mann som kan løyse eit problem før andre i det heile tatt har oppdaga at det er eit problem. Ein mann som etter rykta har så mange kontaktar på mobilen at han treng eigne serverar for å halde styr på dei.

Han har vore ein del av småkraftsoga sidan den første spaden blei sett i jorda. Frå røyrlegging i familiebedrifta, via ulike aktørar innan leverandør- og utbyggingsindustrien, har han vore ein av dei viktigaste industribyggjarane i bransjen. Men han er ikkje berre ein brubyggjar mellom røyr og turbinar – han er også ein nettverksbyggjar av sjeldan kaliber.

Det finst knapt ein småkraftutbyggar, ein grunneigar eller ein kraftbyråkrat i kongeriket som ikkje har hatt han på tråden. Og om nokon treng ein kontakt, ja, om det så skulle vere ein sjeik i Arabien eller ein konge i Asia, så veit alle at det berre er éin mann å ringe!

Men det er ikkje berre kven han kjenner, det er kva han får gjort som verkeleg imponerar. Han har ikkje berre vore ein pådrivar for småkraftverk i Noreg, men han har skapt ein arena der heile bransjen kan samlast. Eit sentralt seminar har blitt det viktigaste treffpunktet for folk i småkraft, og vi veit alle at det ikkje er tilfeldig. Det skjer fordi han har ei ekte lidenskap for bransjen, og fordi han forstår at småkraft ikkje berre er forretning – det er distriktsutvikling, og det er ei framtidsretta næring.

Han er ein mann som ikkje ser problem, berre utfordringar som ventar på ei løysing. Han er ein mann som aldri seier «det går ikkje», berre «la oss finne ut korleis vi kan få det til». Og jo større utfordringa er, jo meir moro ser han ut til å ha det.

Difor er det ei stor ære for oss i juryen å tildela Småkraftprisen i år til Bjarte Skår. Han har ikkje berre vore ein pioner i bransjen, men han har forma og utvikla han til det han er i dag. Og vi veit at han ikkje har tenkt å gi seg med det første!

Gratulerer, Bjarte Skår – småkraftbransjen sin ubestridte nettverkskonge, industribyggjar og distriktsutviklar!