Slik utnyttar bonden eigen fallrett

 

Oddbjørn Brunstad og naboane i Sykkylven i Møre og Romsdal leiger ut fallretten i Brunstadelva til seg sjølve. Brunstad Kraft nyttar ei fall på 225 meter til å produsere 14 GWh årleg.

Utnyttinga av fallrettsressursen på landbrukseigedomar i Noreg fekk ei ny oppblomstring frå slutten av 1990-talet, då ny Energilov frå 1991 gjorde det mogleg for private kraftverkseigarar å få seld krafta si inn på nettet. Ein aktiv småkraftstrategi frå Regjeringa og NVE si kartlegging av fallressursane i heile landet tidleg på 2000-talet førte til ei eksplosiv utvikling i utnyttinga av vassfalla til småkraftproduksjon. Med basis i grunneigaren sin råderett over vassressursane med historikk og tradisjonar langt tilbake i tid vart det skapt ei ny, moderne bygdenæring.

To utnyttingsformer
Fallretten vert utnytta enten ved at grunneigarane sjølv realiserer og driftar kraftverket, eller ved at dei leiger ut fallretten til ein annan aktør som vil byggje og drive kraftverket. Kombinasjonsløysing med medeigarskap i lag med ein ekstern investor er også eit alternativ. Desse to hovudformene for falleigeforvaltning er ikkje så ulike som dei kan sjå ut til ved fyrste augnekast.
Med unnatak for enkelte mikrokraftverk og mindre minikraftverk vert det vanlegvis oppretta eit eige aksjeselskap som byggjer, eig og driv kraftverket. I dei høva der fallrettseigarane vil byggje og eige kraftverket sjølv, får dei då to ulike roller, som det er viktig å vere merksame på. Den eine rolla ligg som ein del av forvaltaransvaret for garden – fallretten vert forvalta ved å bli leigd ut til kraftverksselskapet som skal drive kraftverket – mot ei avtalt falleige. Den andre rolla er kraftverksinvestor, der grunneigaren tek risiko ved å investere i kraftverksselskapet og får moglegheit for utbyte – og risiko for tap i fall kraftverket går dårleg. Går det bra med kraftverksdrifta, får grunneigaren då to inntektsstraumar frå fall-utnyttinga: Risikofri fallrettsleige og risikoeksponert utbyte frå kraftverksdrifta.
Der fallrettseigarane ikkje kan eller ynskjer å engasjere seg økonomisk i kraftverksdrifta, vert fallretten leigd ut for ein avtalt periode til ein profesjonell småkraftutbyggar. Fallrettseigaren får då inntektsstraumen frå fallrettsutleiga på same måte som når fallretten vert leigd ut til eige selskap, medan fallrettseigaren ikkje får forteneste- eller tapsmoglegheiter knytt til sjølve kraftverksdrifta.

Utviklinga i småkraftmarknaden
Då initiativrike og dyktige grunneigarar tok til å arbeide med å realisere småskala kraftverk på eigedomen sin på 1990-talet, var det snakk om å utnytte eige fall til sjøleigd kraftverk. Nokre kunne gå i gang med utgangspunkt i eiga elv eller bekk. Men slik eigedomsstrukturen i Noreg er, er det svært ofte frå to til fleire titals grunneigarar til same fallet. Samarbeid er nødvendig for utnyttinga. Etablerte grunneigarorganisasjonar og Småkraftforeninga, som vart skipa i 2001, engasjerte seg i avtaleverk og rådgjeving knytt til grunneigarsamarbeid om fallutnytting.
Tidleg på 2000-talet vart det realisert mange vellukka samarbeidsopplegg om investering i kraftverk på grunnlag av eigne fallrettar. Samstundes dukka det opp nye selskap som ville utnytte forretningsmoglegheita i leige av fallrettar og bygging av småkraftverk. I ein del høve med fleire grunneigarar kunne det vere lettare å få utnytta fallretten gjennom rein fallrettsutleige enn gjennom eiga utbygging.
Det vart realisert mange småkraftverk etter begge desse utnyttingsmodellane for fallretten i det fyrste tiåret på 2000-talet. Både private grunneigarar, utbyggingsfirma og leverandørbransjen måtte prøve seg fram litt i den nye småkraftnæringa med kraftlevering til nettet. Profesjonaliteten auka etter kvart som ein fekk erfaringar. Samstundes har det skjedd store strukturendringar i bransjen. Etter ei periode med låge kraftprisar har bankane auka kravet til eigenkapital for å realisere kraftverk, markant. Det har blitt vanskelegare for fallrettseigarar å utnytte fallretten ved eiga kraftverksbygging. Det viste seg også at en del av dei norske investorane som gjekk inn i småkraftmarknaden, ikkje hadde langt nok tidsperspektiv på satsinga. Dette har ført til at utanlandske småkraftinvestorar har teke over og kome sterkare inn på eigarsida i ein del småkraftselskap.

Fallretten vert ikkje seld
Uavhengig av kven som er eigar av småkraftverket – grunneigaren sjølv, lokale investorar, norsk energiselskap eller utanlandske pensjonsfond, er hovudregelen at fallrettsressursen følgjer landbrukseigedomen og ikkje vert seld. Kraftverkseigaren leiger fallretten for ein avtalt periode til kraftverksproduksjon. Kraftverket må drivast i samsvar med lover og forskrifter og den konsesjonen (alternativt konsesjonsfritaket) som kraftverket har fått av norske konsesjonsstyresmakter. Når fallrettsleigeperioden er over, er det i dei fleste fallrettsavtalane med reglar om privat avtalt heimfall for fallretten. Etter at leigeperioden går ut, har fallrettseigarane rett til å ta over kraftverket på nærmare avtalte vilkår.

Kommunane kan styre
Småkraftforeninga ser fallretten som ein grunneigarressurs som normalt bør liggje til landbrukseigedomen. Det er ikkje forbod mot å selje ein fallrett in Noreg. Men det er ikkje lenger mogleg å tinglyse ein fallrett på eige gards- og bruksnummer. Og kommunane kan ta ei aktiv rolle som forvaltar av konsesjonslovgjevinga. Utleige av fallrettar i meir enn 10 år skal handsamast på same måte som sal av fast eigedom og er konsesjonspliktig. Kommunen kan nekte sal av fallrettar etter konsesjonslova så sant dei meiner salet ikkje fremjar føremålet med lovgjevinga.

Fallrettsleigeavtalen
Uavhengig av utnyttingsform og kven som eig kraftverket, vert altså fallrettsleigeavtalen sentral for å sikre grunneigarrettane og ein rimeleg inntektsstraum frå fallrettsutleiga i den avtalte perioden. Utgangspunktet for fallrettsleigeavtalen vert noko anna om fallrettseigarane eig verket sjølv i forhold til om dei leiger det ut til eksterne kraftverksdrivarar. Mellom anna er skattemessige tilhøve eit vurderingsmoment når fallrettseigarane eig kraftverket sjølv. Men sidan tidsperspektivet i alle høve er fleire tiår, er det ein del sentrale moment som bør sikrast i ein fallrettsleigeavtale uavhengig av kven som leigar fallretten og driv kraftverket – sjå faktaramme.

Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog