Småkraftdagane 2020

Småkraftdagane er avlyst

13.3.2020: Småkraftdagane 2020 i Stavanger er avlyst på grunn av smittevernsituasjonen. Dei skulle ha vore arrangert 30/3-1/4 på Sola utanfor Stavanger. Deltakarar og utstillarar som er påmeldt til arrangementet vil få meir informasjon om det praktiske over helga.

For spørsmål kontakt Mikkel Aanderaa mikkel@smakraftforeninga.no.

 

Småkraftdagane er sjølve høgdepunktet i året for dei fleste småkraftinteresserte. Da møtest fagmiljø, leverandørar, politikarar, utbyggjarar og gjester i tre dagar for å utveksle siste nytt i bransjen. I 2020 er vi tilbake på Sola utanfor Stavanger.

Booking av stands er også i gang, og interessa er svært stor.

Her kan du sjå kven som blir utstillar på Småkraftdagane 2020

Informasjon til utstillarane finn du her

Måndag til onsdag 30. mars til 1. april inviterer NVE og Småkraftforeninga til bransjens viktigaste møteplass 2020. Småkraftdagane vil gå av stabelen på Clarion Hotel Air. Dette er eit stort og flott hotell med rikeleg plass til utstillarar. Det er også gangavstand frå Stavanger lufthavn.

Merk at Småkraftdagane i fjor blei flytta fram ein dag, NVE startar på måndag og vi avsluttar onsdag. Grunnen er at det er vanskeleg å få politikarar ut av Oslo når det er spørjetime i Stortinget på onsdagar.

Fyldig program

Program måndag
Program tysdag
Program onsdag

Me har som vanleg eit omfattande program der NVE har regien på innhaldet måndag. Tysdag er det politikk, kraftmarknad og økonomi. Det blir blant anna ein politisk debatt om å korleis få fart på utbygginga av småkraftverk her i landet.

Onsdag er det presentasjon av leverandørar, teknikk og meir praktisk retta gruppeseminar. Andre tema er nytt frå hydrogenfronten, marknadsforedrag og praktiske tips til bygging og drift av kraftverk.

Vel så viktig for mange er å sjå kva som rører seg blant leverandørane til småkraftbransjen. Som alltid stiller ei rekke firma opp og viser det nyaste dei har å tilby i messeområdet på hotellet. Normalt er det 50-60 utstillarar som kjem for å møte nye og gamle kundar.

Tur til flymuseum

Utover det faglege har vi i tråd med tidlegare års arrangement også lagt opp til eit variert sosialt program. Måndag kveld reiser vi til Flyhistorisk museum Sola, bare 5 minutts busstur frå hotellet.

Utstillinga viser norsk flyhistorie, blant anna med ei rekke fly frå andre verdskrig. Samlinga inneheld både sivile og militære fly og helikopter.

Etter aperitiff og omvising i flymuseet reiser vi til Strandhuset på Ølberg som ligg heilt i strandkanten. Her får vi servert middagsbuffé.

Tysdag kveld blir det bankett på hotellet med underhaldning og utdeling av småkraftprisen.

Avbestillingsvilkår:

Avbestilling skal gjøres skriftlig til smakraftdagane@atlanticmice.no

Avbestilling fram til og med 2. mars kostnadsfritt.
Avbestilling fram til og med 16. mars 50 % av fakturasum må betalast
Avbestilling frå 17. mars ingen refusjon.

Ved sjukdom dokumentert med legeattest, alvorlege hendingar i nær familie etc. så kan Småkraftforeninga evt gje dispensasjon for desse vilkåra etter ei skjønsmessig vurdering.

 

 

For nærare informasjon, ta kontakt med

Mikkel Aanderaa
Prosjektansvarleg
Tlf. 99 08 08 78 og tast 5
Epost: mikkel@smakraftforeninga.no

SpareBank 1 SR-bank støttar småkraftdagane





  • Ny-annonse Skagerak
Småkraftforeninga
Rådhusgata 17, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog