Fallrettsleigeavtalen

Når bonden leiger ut eit vassfall sikrar han både eigne og etterkomarane sine interesser i ein fallrettsleigeavtale:
- Modellar:
- Bruttoavtale, som gir fast prosent av kraftinntektene. Mest vanleg
- Nettoavtale, som gir deling av overskottet
- Samansette modellar, fleire varianta
- Avtalelengd: Frå 40 til 60 år eller lengre. 50 – 60 år vanleg i dag.
- Avslutning: Ved avtaleslutt vert det avtalt privat heimfall til fallrettseigarane.
- Balansert avtale: Avtalen skal sikre grunneigarrettar og inntekter for fallrettseigarane og gi utbyggjaren sikkert grunnlag for å byggje og drive kraftverket i leigeperioden.
- Kvalitetssikring: Avtalen inneheld mange detaljerte vilkår. Viktig for begge partar med presise formuleringar og kvalitetssikring. Søk sakkyndig hjelp.
Illustrasjon: Fallrettsleigeavtalen er eit viktig verdipapir for grunneigaren. Både Småkraftforeninga og andre organisasjonar kom på banen for å hjelpe bonden til en best mogleg avtale. Her ser me forsida på ein mal og rettleiar frå Bondelaget og Landssamanslutninga av Vassdragskommunar (LVK).