Ei yngre utgåve av Lars Emil Berge frå tida då han og naboane i Åkra i Kvinnherad bygde kraftverk. Optimismen var stor og resultatet vart godt. Men som andre stadar skal også her verdiane ein gong gå vidare til neste generasjon.
Dei siste åra har Småkraftforeninga arrangert fleire lokalmøte om temaet generasjonsskifte av småkraftverk. Det har vore veldig stor interesse for desse møta. Det å byggja eit småkraftverk på garden, kan gjera at verdien på garden aukar veldig. Dei som bygde ut tidleg, bygde ofte ut billig også.
Nokon eig småkraftverket sjølv, mens andre leiger fallet ut til profesjonelle selskap som eig kraftverket. Det kan også vera slik at ein eig småkraftverket saman med ein profesjonell aktør.
Vi har sett at omsetnadsverdien på småkraftverk har gått mykje opp dei seinare åra. Verdien på småkraftverka vil sjølvsagt spegla tida vi lever i. Endrar forutsetningane seg, endrar verdien seg også.
Det er mange dilemma ein kjem bort i ved eit generasjonsskifte. Fallet ligg som regel knytt til eigedommen fallet ligg på. Korleis skal ein verdsetja fallet? Korleis skal ein dela verdien av dette fallet på ein rettferdig måte? Vil den som overtek garden klara å betala ut dei andre arvingane? Finst det måtar å betala ut dei andre arvingane enn ved eit kontantoppgjer? Står det noko i fallrettsleigeavtalen om korleis dette skal gjerast?
Kva gjer ein med aksjane som er knytt opp mot småkraftverket? Står det noko om dette i vedtekter eller aksjonæravtalen i selskapet? Er det nokon som har forkjøpsrett på aksjane? Kva med dei andre aksjonærane? Kan det vera lurt å oppretta eit holdingselskap? Kva med ektefelle eller samboar? Kva rettar har dei? Har dei som skal overta skatteevne til å betala td. formueskatten?
Arveavgifta kan endrast alt etter kven som styrer i landet. Er dette noko ein bør ta omsyn til? Kan det vera smart å ta eit arveoppgjer før, eller etter eit stortingsval?
Det er mange lover ein kjem bort i ved eit generasjonsskifte. Det kan vera:
Det er veldig viktig å tenkja gjennom alt dette så lenge eigaren lever. Snakk om dette tidleg. Ein kan bli sjuk (td dement) og ikkje i stand til å foreta eit minneleg arveoppgjer. Kan ein gje fullmakter (rein framtidsfullmakt eller vedvarande framtidsfullmakt) til eit eller fleire av borna sine, eller andre?
Det kan vera lurt å få kyndig hjelp til å setja opp eit arveoppgjer. Det er mange fallgruver ein kan koma i om ein ikkje tek omsyn til alle lovene som regulerer dette. Når ein ligg på dødsleiet kan det vera for seint.
Som ein ser er det mange spørsmål og dilemmaer ein kjem bort i ved eit generasjonsskifte. Tenk på om det er lurt å få hjelp (advokat) til eit ordna og greitt generasjonsskifte. Det er mange døme på familiar som er blitt splitta på grunn av konflikt ved arveoppgjeret.
Lars Emil Berge
Familiefar, falleigar, kraftverkseigar og styreleiar i Småkraftforeninga