Småkraftdagane 2019

Småkraftdagane 2019 i Molde

Måndag til onsdag, 11 – 13. mars inviterer NVE og Småkraftforeninga til bransjens viktigaste møteplass 2019. Lokasjonen er ny, nå reiser vi til Scandic Seilet hotell i Molde. Molde er ein koseleg by og hotellet ligg bare 7 km frå flyplassen.

Merk at Småkraftdagane nå er flytta fram ein dag, NVE startar på måndag og vi avsluttar onsdag. Grunnen er at det er vanskeleg å få politikarar ut av Oslo når det er spørjetime i Stortinget.

Fyldig program
Me har som vanleg eit omfattande program der NVE har regien på innhaldet måndag. Tysdag er det politikk, kraftmarknad og økonomi. Det blir blant anna ein politisk debatt om å korleis få fart på utbygginga av småkraftverk her i landet.

Onsdag  er det presentasjon av leverandørar, teknikk og meir praktisk retta gruppeseminar. Andre tema er nytt frå hydrogenfronten, marknadsforedrag og praktiske tips til bygging og drift av kraftverk.

 

Vel så viktig for mange er å sjå kva som rører seg blant leverandørane til småkraftbransjen. Som alltid stiller ei rekke firma opp og viser det nyaste dei har å tilby i messeområdet på hotellet. Normalt er det 40-50 utstillarar som kjem for å møte nye og gamle kundar.

Tur til grotter med datasenter
Utover det faglege har vi i tråd med tidlegare års arrangement også lagt opp til eit variert sosialt program. Måndag kveld reiser vi inn i grottene på Nås, ein halvtimes busstur frå Molde.

Det blir spektakulære opplevingar når vi skal segle på krystallklart vatn langt inne i nedlagte kalkgruver. Etter turen på flåten får vi servert nydeleg mat i ein flott fjellhall. Her inne ligg også Troll datasenter.

Onsdag kveld blir det bankett på hotellet med underhaldning og utdeling av småkraftprisen.

Vel møtt til fagleg påfyll og nettverksbygging i Molde !

Beste helsing
Mikkel Aanderaa
Prosjektansvarleg
Tlf. 99 08 08 78 og tast 5
Epost: mikkel@smakraftforeninga.no

HOVUDSPONSOR SMÅKRAFTDAGANE 2019



  • Ny-annonse Skagerak
  • Annonse Småkraftkonsult


Småkraftforeninga
Rådhusgata 17, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog