Småkraftdagane 2021

Småkraftdagane 2021 blir arrangert på Quality Hotel Edvard Grieg i Bergen 8. – 10. november. 

Småkraftdagane er sjølve høgdepunktet i året for dei fleste småkraftinteresserte. Da møtest fagmiljø, leverandørar, politikarar, utbyggjarar og gjester i tre dagar for å utveksle siste nytt i bransjen.

MELD DEG PÅ SOM DELTAKAR HER

Småkraftdagane vil gå av stabelen på Quality Hotel Edvard Grieg der vi er vore før og er godt kjent. Dette er eit stort og flott hotell med rikeleg plass til utstillarar.

Småkraftdagane har som vanleg eit omfattande program der NVE har regien på innhaldet måndag. Tysdag har me tema som politikk, kraftprisar, økonomi, hydrologi / klima og lokal forankring av fornybar kraftproduksjon. Onsdag ser me mellom anna på generasjonsskifte i småkraftverk og konsekvensane EU-taksonomien kan få for finansiering av nye og eksisterande småkraftverk.

Småkraftdagane har dei siste åra samla vel 400 deltakarar og 60 utstillarar av utstyr til småkraftbransjen.

Vel så viktig for mange er å sjå kva som rører seg blant leverandørane til småkraftbransjen. Som alltid stiller ei rekke firma opp og viser det nyaste dei har å tilby i messeområdet på hotellet. Normalt er det 50-60 utstillarar som kjem for å møte nye og gamle kundar.

Vil du vere utstillar så klikk her for informasjon og bestilling av stand

 

Booking-support
Dersom du har praktiske spørsmål rundt påmelding, faktura, kortbetaling, endringar av reservasjon etc., så kontakt vår booking-ansvarlege:

Atlantic MICE AS

Storgata 11, 6413 Molde

Tlf: +47 712 68 890

E-post: post@atlanticmice.no

www.atlanticmice.no

 

For annan informasjon, ta kontakt med:

Mikkel Aanderaa
Prosjektansvarleg
Tlf. 99 08 08 78 og tast 5
Epost: mikkel@smakraftforeninga.no





  • Ny-annonse Skagerak
  • Annonse Småkraftkonsult
Småkraftforeninga
Rådhusgata 17, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog