Utstillarinfo 2021

Til utstillarane på Småkraftdagane:

Velkomen som utstillar på Småkraftdagane 2021!

Klikk her for utstillarportalen

Bestill hotellrom og meld deg på messa her

Småkraftdagane blir måndag til onsdag, 8. til 10. november på Quality Hotel Edvard Grieg på Sandsli, 4 km frå Bergen Lufthamn Flesland.

Utstillarane kan starte å rigge standen sundag 7. november kl. 18.00, og alt må vere rigga ned onsdag kveld. Utstillinga opnar måndag 8. november kl. 09.00. Fagforedraga denne fyrste NVE-dagen startar kl. 11.00.

Kvar stand måler 3×2 meter, og prisen er kr. 19.200,- + mva.

I fall Småkraftdagane må avlysast av årsaker som Småkraftforeninga ikkje har herredømme over, for eksempel pandemi, tek Småkraftforeninga atterhald om å kunne halde tilbake inntil 10% av fakturert beløp til dekking av kostnader knytte til planlegginga av arrangementet.

På standen er dette inkludert:

  • skiljeveggar for frittståande stands
  • bord med to stolar
  • 230 volt straum
  • Fri inngang for stand-personell frå utstillaren (mat og opphald ikkje inkludert)

For bestillingar utover dette ta kontakt med
Malerbua Utleie AS

https://www.malerbua-utleie.no

Tlf.: +47 474 78 882

E-post: mail@malerbua-utleie.no

Booking-support
Dersom du har praktiske spørsmål rundt påmelding, faktura, kortbetaling, endringar av reservasjon etc., så kontakt vår booking-ansvarlege:

Atlantic MICE AS

Storgata 11, 6413 Molde

Tlf: +47 712 68 890

E-post: post@atlanticmice.no

www.atlanticmice.no

Småkraftforeninga sin utstillar-kontakt:

Mikkel Aanderaa, tlf. 99 08 08 78, tastevalg 5
Epost: mikkel@smakraftforeninga.no
www.smakraftdagane.no

Info om utstillaren i påmeldingsrutinen og deltakar-app:

Til slutt i påmeldingsrutinen får utstillaren tilbod om å laste opp logo og firmaprofil. I firmaprofilen kan utstillaren lage ein omtale av firmaet og/ eller linke til nettsida si. Småkraftforeninga vil i år ta i bruk ein deltakarapp, der denne informasjonen om utstillaren vil bli å finne.

 

 

 

 



Hovedsponsor Småkraftdagane 2021:
Sparebanken Vest
Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog