Småkraftdagane 2023

Småkraftdagane 2023 blir arrangert på Quality Hotel Edvard Grieg i Bergen 27-29. mars 

Småkraftdagane er sjølve høgdepunktet i året for dei fleste småkraftinteresserte. Da møtest fagmiljø, leverandørar, politikarar, utbyggjarar og gjester i tre dagar for å utveksle siste nytt i bransjen. Nå er vi tilbake som før pandemien med arrangement i mars.

Småkraftdagane vil gå av stabelen på Quality Hotel Edvard Grieg der vi er vore før og er godt kjent. Dette er eit stort og flott hotell med rikeleg plass til utstillarar.

Småkraftdagane har som vanleg eit omfattande program der NVE har regien på delar av innhaldet måndag. Tysdag har me tema som politikk, kraftprisar, økonomi. Onsdag ser me mellom anna generatorskader og praktisk drift av småkraftverk.

Småkraftdagane har dei siste åra samla vel 400 deltakarar.

Vel så viktig for mange er å sjå kva som rører seg blant leverandørane til småkraftbransjen. Som alltid stiller ei rekke firma opp og viser det nyaste dei har å tilby i messeområdet på hotellet. Normalt er det 50-60 utstillarar som kjem for å møte nye og gamle kundar.

Klikk her for påmelding til småkraftdagane

Booking-support
Dersom du har praktiske spørsmål rundt påmelding, faktura, endringar av reservasjon etc., så kontakt vår booking-ansvarlege:

Atlantic MICE AS
Storgata 11, 6413 Molde
Tlf: +47 712 68 890
E-post: post@atlanticmice.no
www.atlanticmice.no

 

 





  • Ny-annonse Skagerak
  • Annonse Småkraftkonsult
Småkraftforeninga
Rådhusgata 17, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog