Til utstillarane på Småkraftdagane

NB: Alle ordinære stands i 1. etasje er nå selde ut, men vi har lagt opp til 10 stands ved den bakre utgangen av foredragssalen (2. etasje) til redusert pris.

BESTILLINGSSKJEMA FOR STANDS

Standkart 1. etg 2019

Standkart 2. etg 2019

Nytt i år er at ein i denne omgang bare bestiller standen nå – ikkje hotell og påmelding i denne omgang.

Småkraftdagane blir måndag til onsdag, 11 – 13. mars 2019 på Scandic Seilet hotell i Molde. Molde er ein koseleg by og hotellet ligg bare 7 km frå flyplassen.

Merk at Småkraftdagane nå er flytta fram ein dag, NVE startar på måndag og vi avsluttar onsdag. Grunnen er at det er vanskeleg å få politikarar ut av Oslo når det er spørjetime i Stortinget.

Utstillarane kan starte å rigge standen sundag 10/3 kl. 12 og alt må vere rigga ned onsdag kveld.

Scandic Seilet har avgrensa med plass om alle utstillarane skal vere på eitt plan, derfor har vi ikkje store standar i år. Dei fleste er 2,5-3 x 3 meter. Prisen er 18.100,- + mva for stands i 1. etasje. Prisen i 2. etg (stand 50-69) er 12.000,- + mva per stk.

Det blir servert lunsj i begge endar av standsområdet i 1 etg. alle dagar så det vil generere god trafikk til utstillingane.

Vi har også ny leverandør av messeutstyr i år.

På standen er dette inkludert:

  • skilleveggar i stoff,
  • bord med to stolar,
  • 230 volt straum
  • lysskinne
  • to justerbare spots
  • Fri inngang for inntil 4 personar (mat og opphald ikkje inkludert)

For bestillinger utover dette ta kontakt med
Underholdningshuset
post@underholdningshuset.no
982 17 146
http://www.underholdningshuset.no/

Eventuelle tilleggsleveranser:

  • Teppe ferdig lagt i standen kr. 85,- pr m2 (farge rød, blå eller grå)
  • Printa banner i PVC til front av stand 30cm høyde og 300cm lengde kr. 320,-
  • Ekstra spotlights kr. 25,- pr stk.
  • Ekstra klappstol kr. 15,- pr stk.
  • Ekstra bord 180x76cm kr. 60,- pr stk.
  • Banquet-stol kr. 25,- pr stk.
  • Ståbord 80cm i diameter kr. 40,- pr stk.
  • Trekk til ståbord kr. 25,- pr stk. (sort eller hvitt)

Booking-support
Dersom du har praktiske spørsmål rundt påmelding, faktura, kortbetaling, endringar av reservasjon etc., så kontakt vår tekniske arrangør og booking-ansvarleg:

Atlantic MICE AS

Verftsgata 6 A, N- 6416 MOLDE

Tlf: +47 71  26 88 90

www.atlanticmice.no

Program og påmelding for deltakarar vil snart vere klart.

Vel møtt til fagleg påfyll og nettverksbygging i Molde !
Ny prosjektleiar er Mikkel Aanderaa. Nøl ikkje med å ta kontakt på tlf 99 08 08 78 og tast 5
Epost: mikkel@smakraftforeninga.no
www.smakraftdagane.no


HOVUDSPONSOR SMÅKRAFTDAGANE 2019

 

 

 

 

 

 

Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog