Utstillarinfo 2022

Vil de vere utstillar på Småkraftdagane?

Småkraftdagane blir i år måndag til onsdag, 29. til 31. august på Quality Hotel Evard Grieg på Sandsli, 4 km frå Bergen Lufthamn Flesland.

Vi vil gjerne sjå dykk både som deltakarar på Småkraftmessa og som utstillar med stand. Booking av stands og deltakerpåmelding opnar i år tysdag 7. juni kl. 10.00.

Link til stand-booking og påmelding er her. I booking-rutinen for stands får ein opp eit interaktivt kart som syner ledige stands og gir forklaring på om standen har skiljeveggar eller ikkje. Ein kan bestille stands direkte frå kartet, og kartet kan lukkast ved å trykke på x-knappen oppe til høgre.

Utstillarane kan starte å rigge standen sundag 28. august kl. 16.00, og alt må vere rigga ned onsdag kveld. Utstillinga opnar måndag 29. august kl. 09.00. Fagforedraga denne fyrste dagen startar kl. 11.00.

Kvar stand måler 3×2 meter, og prisen er kr. 20.700,- + mva, inklusive utlegging av logo og annan firma-info i deltakar-appen, som vi har gode erfaringar med frå debuten i fjor.

Encono var utstillarar i fjor og har sikra seg ein god plass også i år.

I fall Småkraftdagane må avlysast av årsaker som Småkraftforeninga ikkje har herredømme over, for eksempel pandemi, tek Småkraftforeninga atterhald om å kunne halde tilbake inntil 10% av fakturert beløp til dekking av kostnader knytte til planlegginga av arrangementet.

På standen er dette inkludert:

  • skiljeveggar for frittståande stands
  • bord med to stolar
  • 230 volt straum
  • Fri deltakeravgift for stand-personell frå utstillaren (mat og opphald ikkje inkludert)

Småkraftforeninga samarbeider med Malerbua Utleie AS. Dei leverer tilleggsutstyr til standen – sjå prisliste og bestillingsskjema her.

Kontaktinfo for Malerbua Utleie AS er:

https://www.malerbua-utleie.no

Tlf.: +47 474 78 882

E-post: mail@malerbua-utleie.no

Booking – support
Dersom du har praktiske spørsmål rundt påmelding, faktura, endringar av reservasjon etc., så kontakt vår booking-ansvarlege:

Atlantic MICE AS

Storgata 11, 6413 Molde

Tlf: +47 712 68 890

E-post: post@atlanticmice.no

www.atlanticmice.no

Småkraftforeninga sin utstillar-kontakt:

Mikkel Aanderaa, tlf. 99 08 08 78, tastevalg 5
Epost: mikkel@smakraftforeninga.no
www.smakraftdagane.no

 



Småkraftforeninga
Rådhusgata 17, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog