Utstillarinfo 2024

Småkraftdagane 2024 vert også i år arrangert i Bergen i mars. – frå måndag til onsdag 18. til 20. mars på Quality Hotel Evard Grieg på Sandsli, 4 km frå Bergen Lufthamn Flesland.

Vi vil gjerne sjå dykk både som deltakarar på Småkraftmessa og som utstillar med stand. Booking av stands og deltakarpåmelding er nå i gang.

Link til stand-booking og påmelding finn du ved å gå til Utstillarportalen

Standkartet ser du her

Trykk på «Ny bestilling» for å opprette konto før du går vidare med stand-bestillinga. I booking-rutinen for stands får ein opp eit interaktivt kart som syner ledige stands og gir forklaring på om standen har skiljeveggar eller ikkje. Ein kan bestille stands direkte frå kartet, og kartet kan lukkast ved å trykke på x-knappen oppe til høgre.

Småkraftdagane 2024 følgjer malen frå tidlegare år, men med endra opplegg fyrste dagen. Måndagen startar med registrering og messevandring frå kl. 08.00 og FSE-kurs kl. 09.30. Plenumssamlinga på hotellet startar kl. 18.00 – etter avslutta utferd til generatorverkstaden til Karsten Moholt. Det går felles buss frå hotellet kl. 12.30. Deltakarar vil komme til hotellet gjennom heile opningsdagen 18. mars. Sjå detaljert program på www.smakraftdagane.no.

Klokka 18:00 søndag 17.03 er det klart for rigging av stands for dei utstillarane som kjem til hotellet søndag. Alternativet er rigging måndag 18.3. Onsdag 20.03 må alt vere rigga ned i løpet av ettermiddagen/ kvelden.

Kvar stand måler 3×2 meter, og prisen er kr. 23.500,- + mva, inklusive utlegging av logo og annan firma-info i deltakar-appen for Småkraftdagane.

I fall Småkraftdagane må avlysast av årsaker som Småkraftforeninga ikkje har herredømme over, for eksempel pandemi, tek Småkraftforeninga atterhald om å kunne halde tilbake inntil 10% av fakturert beløp til dekking av kostnader knytte til planlegginga av arrangementet.

På standen er dette inkludert:

  • skiljeveggar for frittståande stands
  • bord med to stolar
  • 230 volt straum
  • Fri deltakaravgift for stand-personell frå utstillaren (mat og opphald ikkje inkludert)

Småkraftforeninga samarbeider med Malerbua Utleie AS. Dei leverer tilleggsutstyr til standen. Prisoversyn og nettbestilling finn du her.

Kontaktinfo for Malerbua Utleie AS er:

Tlf.: +47 474 78 882

E-post: mail@malerbua-utleie.no

https://www.malerbua-utleie.no

 

Booking – support
Dersom du har praktiske spørsmål rundt påmelding, faktura, endringar av reservasjon etc., så kontakt vår booking-ansvarlege:

Atlantic MICE AS

Storgata 11, 6413 Molde

Tlf: +47 453 93 283 eller +47 712 01 200

E-post: post@atlanticmice.no

www.atlanticmice.no

Småkraftforeninga sin utstillar-kontakt:

Mikkel Aanderaa, tlf. 99 08 08 78, tastevalg 5
Epost: mikkel@smakraftforeninga.no
www.smakraftdagane.no





  • Ny-annonse Skagerak
  • Annonse Småkraftkonsult
Småkraftforeninga
Rådhusgata 17, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog