-Det er svært viktig å ha alle avtalene skriftleg når ein startar bygginga av eit småkraftverk, sa Rolf Anda i Norges Bondelag under fagkonferansen i Bodø i april.
Bondelaget har gått saman med bl.a. Foreninga for norske småkraftverk, Norges Skogeierforbund, Norskog og Norges Vel om eit framlegg til avtaleverk for utbyggarar.
Avtaleverket kan du finne her på kraftverk.net, men også på www.bondelaget.no.
– Det er nok lurt å skilje mellom selskapet for fallrettighetane og driftsselskapet, seier Anda. Han rår til å starte med ein intensjonsavtale. Det kan vere eit felles forum for å undersøke fallet. Men ei slik intensjonsavtale bør ha ei avgrensing på t.d. 2 år for å kome vidare i prosessen.
– Innan to år bør ein ha avklart om det er noko å gå vidare med, seier han.
Dersom ikkje alle eigarane av fallet skal vere med på utbygginga, er det to måtar å avtale godtgjering for fallrettane på: Ein kan avtale eit fast årleg beløp, eller ein viss del av bruttoinntekta. Det er ikkje tilrådeleg å gå ut frå nettoinntekta fordi den kan reknast ut på så mange ulike vis.
Det er mange ulike selskapsformer å velje:
– ANS (ansvarleg selskap). Alle er ansvarlege
– DA (delt ansvar). Risikoen er avgrensa til sin eigen del. Må vere registrert i foretaksregisteret.
– BA (selskap med begrensa ansvar) Her er ansvaret avgrensa til innskoten kapital. Men formalitetane må vere i orden, elles har alle ansvar for alt.
– AS (aksjeselskap) Her er det mange formelle krav, og det er nok ein fordel å bruke advokat når ein skal opprette selskapet.