Olje- og energiminister Åslaug Haga opna onsdag småkraftmessa på Gardermoen med å skryte av småkraft.
– Det som er så knakande bra med småkraft, er at det bidrar både til energiforsyning og arbeidsplassar i distrikta, sa Haga.
Åslaug Haga sitt store prosjekt då ho blei statsråd for eit halt år sidan, var å gjere ein innsats for fornybar energi. Der er småkraft ei viktig brikke.
-Norge skal bli stor og viktig eksportør for rein og fornybar energi. Det kan skje ved å kombinere vind- og vasskrafta.
Det blir ofte hevda at me er dårlege i Norge på fornybar energi, det er ikkje Haga einig i.
– Norge er ikkje dårlege på fornybar energi, nær 100% av energiforsyninga her i landet kjem frå fornybare energikjelder, presiserer ho.
1,8 TWh småkraft er bygd ut dei siste åra, men potensialet er 10 TWh.
Sjølv om det heiter småkraft, er det stort i ein energiforsyningssamanheng. Småkrafta inngår i ein viktig del av arbeidet vårt for å sikre energiforsnyninga framover, seier Haga.
Olje- og energiministeren nytta også høvet til å skryte av småkraft til dei 400 tilhøyrarane i salen.
– Det som er så knakande bra med småkraft, er at det bidrar både til energiforsyning og arbeidsplassar i distrikta. Eg er uendeleg begeistra over potensialet som ligg i dette, ikkje bare i høve til kraftsituasjonen.
Bioenerggi og småkraft er viktige element i framtidas grønne bygdenæringar, meiner statsråden.
– Småkraft er kontroveriselt nokre stader, men vindkraft er betydeleg er meir kontroveriselt. Me vil heller ikkje avvise andre energikjelder som sol, bølgekraft eller tidevannskraft.
Betre rammevilkår
Haga innrømmer at rammevilkåra for dei som vil bygge ut småkraft ikkje er forutsigbare nok og vil ta tak i det i tida framover. I departementet jobbar dei også med ein gjennomgang av skattereglane. Men dei store lovnadene kom ikkje under opninga av småkraftmessa.
– Eg vil ikkje seie meir om skatt enn at me jobbar med saka, sa Haga.
Netttilgangen er eit stort problem mange stader og det store spørsmålet er kven skal bere kostnadene. Nye liner er ofte veldig kostbart. Skal den som utløyser utbygginga ta kostnaden, eller skal alle betale? Åslaug Haga kom med positive signal for småkraftutbyggarane.
Eg vil ikkje svare endeleg no, men Regjeringa sette i gang ei evaluering av kraftlova i fjor. Eg vil alt no seie at dersom våre mål med småkraft skal realisertast, må nok ein større del av utgiftene dekkast av forbrukarane. Netteigarane må ta også større ansvar for å sikre tilgang til småkraft, sa statsråden og lova å ta småkraftutbyggarane med på råd i arbeidet.
Jobbar med støtteordningar
Regjeringa forhandlar framleis med svenskane om ei ordning med grøne sertifikat. 23. januar la Europakommisjonen fram forslag til direktiv for å fremje bruken av fornybar energi.
– Eg meiner at EU-direktivet vil tene oss i arbeidet med grøne sertifikat, men det kjem til å ta litt tid. Det blir krevjande å legge opp til det tempoet med svenskane som me gjerne ville ha hatt, seier statsråden. Ho presiserte også at utgangspunktet er at anlegg bygde etter 1.januar 2004 skal vere omfatta av ei eventuell ordning med grøne sertifikat.
Lang kø på konsesjonsbehandling
Den store kneika for mange utbyggarane er den lange konsesjonsbehandlingstida i NVE. Statsråden presiserer at konsesjonsbehandlinga er viktig.
– Me må ha ein grundig prosess for å avvege ulemper og fordelar og få ei heilskapleg vurdering av ei utbygging. Omsyn til blant anna biologisk mangfald, reindrift, landskapsvern ol er viktig. Ein kjem ikkje utanom at dette må bli gjort grundig av dyktige folk, sa Haga.
– Vannkraftsøknader skal prioriteasti NVE, men eg har sett at det må meir ressursar til, og utfordringa er å få det til så fort som råd.
Åslaug Haga fekk også inn eit stikk til miljøvernarar som bare skal ha fordelane av fornybar energi.
– Det er krevande med dei som bare skal ha fornybar energi, men som ikkje skal ha skogsbilvegar for å få ut biomassen, vindmøller eller hol i fossen, sa Haga til applaus frå salen.
– Eg er opptatt av å legge til rette for meir småkraftproduksjon. Eg erkjenner at det er ting som må gjerast for å betre rammevilkåra. Og det må til for å nå målet om å realiser målet om meir fornybar kraft, avslutta statsåden.