Småkraftdagane

(15/01/2020) Nå er alt klart for å melde seg på Småkraftdagane på Sola. Måndag til onsdag, 30. mars til 1. april inviterer NVE og Småkraftforeninga til bransjens viktigaste møteplass 2020.

I denne linken kan du både bestille hotellrom og deltaking på messa. Hugs å krysse av for dagpakke dei dagane du skal vere på hotellet. De som bare skal på hydrogenseminaret etter lunsj 1. april melder seg også på her.

Klikk her for å melde deg på

Program finner du her.

Småkraftdagane er sjølve høgdepunktet i året for dei fleste småkraftinteresserte. Da møtest fagmiljø, leverandørar, politikarar, utbyggjarar og gjester i tre dagar for å utveksle siste nytt i bransjen. I år er vi tilbake på Sola utanfor Stavanger.

Småkraftdagane vil gå av stabelen på Clarion Hotel Air. Dette er eit stort og flott hotell med rikeleg plass til utstillarar. Det er også gangavstand frå Stavanger lufthavn.

Merk at Småkraftdagane i fjor blei flytta fram ein dag, NVE startar på måndag og vi avsluttar onsdag. Grunnen er at det er vanskeleg å få politikarar ut av Oslo når det er spørjetime i Stortinget på onsdagar.

Fyldig program

Småkraftdagane har som vanleg eit omfattande program der NVE har regien på innhaldet måndag. Tysdag har vi tema som grunnrenteskatt, politikk, klima og økonomi.

Onsdag er det presentasjon av leverandørar, teknikk og FSE-kurs og meir praktisk retta gruppeseminar. Island vil ha småkraft! Ein ny marknad for norsk leverandørindustri?

Småkraftdagane har dei siste åra samla vel 400 deltakarar og 60 utstillarar av utstyr til småkraftbransjen.

Vel så viktig for mange er å sjå kva som rører seg blant leverandørane til småkraftbransjen. Som alltid stiller ei rekke firma opp og viser det nyaste dei har å tilby i messeområdet på hotellet. Normalt er det 50-60 utstillarar som kjem for å møte nye og gamle kundar.

Tur til flymuseum

Utover det faglege har vi i tråd med tidlegare års arrangement også lagt opp til eit variert sosialt program. Måndag kveld reiser vi til Flyhistorisk museum Sola, bare 5 minutts busstur frå hotellet.

Utstillinga viser norsk flyhistorie, blant anna med ei rekke fly frå andre verdskrig. Samlinga inneheld både sivile og militære fly og helikopter.

Etter aperitiff og omvising i flymuseet reiser vi til Strandhuset på Ølberg som ligg heilt i strandkanten. Her får vi servert middagsbuffé.

Tysdag kveld blir det bankett på hotellet med underhaldning og utdeling av småkraftprisen.

 

SR Bank støtter Småkraftdagane 2020

 



Småkraftforeninga
Rådhusgata 17, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog