Kjære medlemar og støttespelarar!
Nå er det jul, og eg vil difor nytta høvet til å sende ei helsing til dykk alle. Tusen takk for alt de har gjort for småkraftnæringa i år. 2024 har vore travelt, men spennande. Saman har me fått til mykje!
Høgdepunkt frå året
I mars møttest me på Småkraftdagane i Bergen. Det var rekordmange deltakarar. Me fekk vist fram småkrafta på sitt beste og diskutert både utfordringar og moglegheiter.
I august var me godt synlege på Arendalsveka. Der fortalde me politikarar og næringsliv kor viktig småkrafta er. Me viste kor raskt og effektivt småkraft kan bidra med rein energi.
Gjennom året har me stått på for å få fart på konsesjonsbehandlinga. Me veit det framleis er krevjande, men arbeidet vårt blir lagt merke til. Samtidig har me støtta medlemmene med kurs, rådgjeving og nye verktøy som gjer kvardagen enklare.
Eg meiner og trur at framtida er lys for småkrafta
Noreg treng meir rein energi. Småkrafta kan gi mykje, og raskt. Heile 8 TWh ventar på å bli realisert dei neste åra. Det er straum nok til 400 000 hushaldningar.
Men småkraft handlar om meir enn kraftproduksjon. Det handlar om natur, lokalsamfunn og arbeidsplassar. Småkraft gir verdiskaping som kjem både bygdene og landet til gode.
2025 – Me har tru på framtida!
Neste år byr på nye utfordringar og moglegheiter. Me vil fortsetja arbeidet for raskare konsesjonsbehandling. Me vil vise at småkrafta er e viktig for å skaffa landet meir ny kraft dei komande åra. Og me vil stå på for å styrka posisjonen til medlemmene våre.
Eg håpar du blir med oss vidare. Del erfaringar, delta på arrangement, og ikkje nøl med å ta kontakt når me kan hjelpe.
Eg ønskjer dykk ei riktig god jul og eit godt nyttår. Saman skal me byggja ei framtid der småkrafta spelar ei endå viktigare rolle.
Beste helsing frå Lars Emil Berge
Styreleiar i Småkraftforeninga