Lars Emil Med Nisselue I 4 3 (1)

Julehilsen fra Lars Emil!

Lars Emil Berge, styreleder i Småkraftforeninga, ønsker alle en riktig god jul!

Kjære alle i småkraftfamilien!

Når vi no går inn i julehøgtida, vil eg bruka høvet til å rette ei stor og oppriktig takk til alle som har stått på for småkraftnæringa dette året.

Hausten som ligg bak oss vart meir krevjande enn mange hadde sett føre seg. I samband med framlegginga av statsbudsjettet kom regjeringa sitt framlegg om å senka innslagspunktet for grunnrenteskatt frå 10 MVA til 1,5 MVA. Eit framlegg som, dersom det hadde blitt vedteke, ville ha fått svært alvorlege konsekvensar for småkraftnæringa, og i realiteten rasert grunnlaget for vidare utbygging.

Det som likevel gir grunn til optimisme, er måten heile næringa samla seg på. Falleigarar, utbyggjarar, eigarar, leverandørar, bankar, rådgivarar, organisasjonar, lokalaviser og redaktørar har teke ordet. Sakleg, kunnskapsbasert - og samstundes tydeleg - har dei på ulikt vis åtvara.og problematisert skatteforslaget. Dette breie engasjementet har gjort inntrykk, - og det har båre frukter: Eit fleirtal på Stortinget – Frp, Høgre, Senterpartiet, KrF og Venstre – lytta og stoppa forslaget. Det viser at når fakta kjem på bordet og stemmene frå distrikta blir høyrde, så verkar demokratiet. Ei stor takk til desse partia!

I etterkant av denne debatten har me også sett kor viktig det er å halda fast på kvaliteten i den offentlege samtalen. Då finansminister Jens Stoltenberg brukte feil og sterkt misvisande tal om småkraftutbygging, svarte Småkraftforeninga med dokumentasjon frå offentlege databasar. Kronikken «Talltull fra Stoltenberg» var ikkje eit angrep, men eit nødvendig korrektiv. For dersom me ikkje ein gong kan vera samde om tala som ligg ope tilgjengelege hos NVE, blir det vanskeleg å føre ein meiningsfull og tillitsbasert energidebatt.

Småkraftnæringa er ikkje bygd på superprofitt eller tilpassing til tilfeldige skattegrenser. Den er bygd på marginale prosjekt, langsiktige avtalar, privat eigedomsrett og vilje til å investera i bygdene. Det er dette mange av dykk har vore med på å forklare, i media, i møte med politikarar og i den offentlege samtalen.

Eg vil difor rette ei særleg takk til alle som har teke seg tid til å skriva, forklara, korrigera og stå opp for fakta. Denne hausten har vist at småkraftnæringa ikkje berre produserer fornybar energi, me produserer også kunnskap, ansvar og fellesskap.

No ønskjer eg dykk alle ei fredeleg julehøgtid og ei god inngang til det nye året. Ta med dykk vissheita om at innsatsen dykkar har hatt betydning, for næringa, for distrikta og for tilliten mellom folk og styresmakter.

Med stor takksemd

Lars Emil Berge
Styreleiar, Småkraftforeninga