Lars Emil Vinner Språkpris 1 (1)

Foreininga sin styreleiar vann Målblomen 2026

Kvinnherad Mållag delte i mars ut den årlege språkprisen sin, denne gongen til Lars Emil Berge i Småkraftforeninga.

Kvinnherad mållag har delt ut Målblomen sidan 1999 til verksemder og personar som over tid har synt vilje og evne til å bruka nynorsk i marknadsføring og informasjonsarbeid.

I pressemeldinga, sendt ut fra Kvinnherad Mållag heiter det:

Som styreleiar i Småkraftforeninga er Lars Emil Berge ofte ute med ulike utspel og lesarbrev i media, også i saker det kan vera politisk usemje om. Slike utspel kan gå ut både lokalt og på landsplan, og her har Lars Emil Berge synt seg som ein konsekvent og stødig nynorskbrukar. Slik får han markert at nynorsken er godt brukande også for ein som representerer ein landsdekkjande organisasjon, og dette hjelper til med å halda oppe nynorsk også som eit nasjonalt likestilt språk.

 Kven me er og kvar me kjem frå:

Berge heldt sjølv ei takketale og fortalde litt om sitt eige tilhøve til nynorsken:

- Dette var stas. Eg har alltid meint at ein er meir truverdig når ein brukar sitt eige språk, så denne anerkjenninga sett eg stor pris på, sa Lars Emil Berge då han fekk tildelt prisen, 3. mars. - Eg byrja å skriva energi-kronikkar i 2018, og har seinare produsert mange innlegg, som har vore publisert landet over. Også når eg skriv på sosiale media – der båe bokmål og meir anglisert norsk står sterkt - held eg sterkt på nynorsken. Også for Småkraftforeninga er nynorsken viktig. Den handlar om kven me er, kvar me kjem frå og kva fellesskap me høyrer til. Sjølv om me har hovudkontor i Oslo, tett på makt og riksmedier, så er Småkraftnæringa fyst og fremst ei næring som eksisterer ute i distrikta; det trur eg vi minnast betre når styreleiaren skriv på nynorsk. 

Knut Olav Tveit, dagleg leiar i Småkraftforeninga, stiller seg bak analysen til Berge og sender samstundes gratulasjonane sine:

– Veldig morosamt, og vel fortent. Lars Emil gjer ein god jobb både for oss i foreininga og for det nynorske språket, med kvalitet – men også med kvantitet. Fjoråret var eit hektisk år for oss, og Lars Emil hadde vel fem–seks lesarinnlegg som kom på trykk i fleire titals lokalaviser landet rundt. Arbeidet hans når langt utanfor grensene til Kvinnherad og Hordaland; det har vore heilt fantastisk å sjå.

- - - - - - -

[P.S. På eigne heimesider skriv foreininga fast på bokmål. Me sender ein e-post over fjella og spør Lars Emil om me kanskje – for anledninga si skuld, og til ære for prisvinnaren – skulle gjere eit unntak og skrive denne artikkelen på nynorsk?

– Sjølvsagt!, svarar Lars Emil. – Hadde de planar om noko anna?]